Refleksjonsblogg for Sødorp skole

Wednesday, November 29, 2006

Sødorp skole


Sødorp skole er den største barneskolen i Nord-Fron kommune. Skolen ligg på Vinstra, ved E-6 på motsett sida av Sødorp-tunet.
Det er i alt 188 elevar på skolen.



Skolen har visjonen: GLEDE og MEISTRING.
Vi er opptekne av å ha noen gode fellessamlingar i løpet av året.
Peer Gynt som tema i veke 39 var ei fin erfaring hausten 2006. Då la vi bort skolefaga og arbeidde med den lokale Per og den litterære Peer heile veka. Arbeidet resulterte i ei framføring av songar, skodespel, dans, rap og foto-session i gymsalen.

Refleksjonar etter samlinga 28.-29. november.

Vi opplevde fagdagen som interessant og lærerik. I forhold til den andre dagen var vi litt bekymra for at vi hadde gjort for lite med prosjektet vårt. Men vi opplevde at vi ikkje var aleine om det. Prosjektet vårt gjeld i første omgang dei elevane som går i 7. klasse nå. Derfor er det særs viktig at vi kjem i gang på nyåret. Akkurat nå er vi inne i ei ekstra hektisk periode med førebuingar til årets juletrefest. Planen vår er å opprette digitale mapper for kvar enkelt elev. Fordi kommunen ennå ikkje har bestemt kva for læringsplattform dei skal satse på, vil vi i første omgang bruke skoleveven. I tillegg vil vi opprette ein blogg spesielt for 7. klasse.